Ulovleg brenning

Etne kommune har mottatt eit anonymt varsel om bosbrenning mellom dei to inste tunnelane i Åkrafjorden.

— Det er til tider stor bålaktivitet i området. Då kjem det svart og mørk røyk, skriv varslaren og hevdar det er meir enn vanleg trevirke som blir brunne.

Renovasjonsstaden i Etne er nok ein betre plass å avhenda slikt avfall, meiner vedkomande som også har dokumentert avfallet med bilde.