Høyringsfristen for merknader til den nye E134 Bakka-Solheim gjekk ut den 12. mai. Alle dei 56 merknadane som er komne inn frå både offentlege organ og privatpersonar, er nå ferdigbehandla av Statens Vegvesen, som konkluderer med at dei ikkje kan sjå at det har kome fram nye moment som tilseier at tilråding av trase skal endrast.
— Me har gått grundig gjennom alle merknadane, men kan ikkje sjå at det er kome fram noko vesentleg nytt. Me står ved vår anbefaling, seier Bjørn Åmdal ved Statens Vegvesen og meiner talet på merknader var som forventa.
har signalisert at me ynskjer kryss ved Steinshagen
— Det dreier seg om ei lang strekning, og her har vore bra engasjement heile tida, seier han.
Dyrka mark
Ein god del av merknadane går på bruk av dyrka mark som vil gå med til vegen, og særleg i Etne er dette noko som går igjen i merknadane. Det gjer også ønsket om tunnel forbi sentrum.
— Fleire i Etne vil ha tunnel forbi sentrum, opplyser Åmdal.
Frå Vegvesenet si side er ikkje eit sentrumsnært vegalternativ tilrådd. Heller ikkje tunnel står på ynskjelista deira.
Når det gjeld talet på kryss mellom Fikse og Mo i Etne kommune kjem Fylkesmannen med innspel og set spørjeteikn ved behovet for tre planskilte kryss.
— Talet på kryss, ved Fikse, Mo og sentrum kan kommunen vurdera, seier Åmdal og ser mogeligheit for å justera krysset på Mo.
I tillegg til bortfall av dyrka mark går mange av merknadane på ulemper for nærliggjande bustadhus eller riving av bustader og næringseigedom, problem for drikkevasskjelder, kulturminne og inngrep i naturen. Fleire argumenterer for alternative løysingar med mellom anna bruk av fleire og lengre tunnelar.
Feil om motsegn
Både Statens Vegvesen og Fylkesmannen i Rogaland og Hordaland kjem med motsegner. Vegvesenet har motsegn til trase via Knapphus i Vindafjord og nordre trase forbi Etne sentrum. I oversendingsbrevet står det at motsegna i Vindafjord gjeld Vatndal, men Åmdal som blei gjort gjort merksam på denne ordlyden av Grannar, stadfestar at dette er feil og beklagar at det er kome med i brevet som er sendt ut til kommunane.
Fylkesmannen i Hordaland fremjar motsegn til trase på sør/austsida av Etnevassdraget og er einig i vegvesenet sine planar om at ei kryssing av Nordelva bør skje så tidleg som mogeleg nord for Mo. Dermed kan løpet vera kjørt for dei som ikkje ynskjer at vegen skal gå på nordsida.
— Det har kome signal frå fylkesmannen om motsegn for trase på sør/austsida av vassdraget. Det vil derfor bli vanskelegare å få til å leggja vegen her nå, seier ordførar Sigve Sørheim og presiserer at det noko av det viktigaste når det gjeld trasevalet, er å leggja beslag på så lite dyrka mark som mogeleg.
Kryss ved Steinshagen
Både Fylkesmannen og Vegvesenet tilrår at vegen må kryssa Nordelva så tidleg som mogeleg nord for Mo. Dette trur ordføraren kan gje grobotn for diskusjon.
— Me har signalisert at me ynskjer kryss ved Steinshagen. Det vil skåna dyrka mark, seier Sørheim som også helst ser at ein av avkjøringane ned mot Etne sentrum bør koma på Geitaberget.
— Gode avkjøringar er viktig, og me må ha to kryss i kvar ende av sentrum i tillegg til det eine på Fikse, seier han.
Handelsstanden sitt ynskje om at vegen skal koma så nær sentrum som mogeleg, er avvist av Vegvesenet. Dei har lagt inn motsegn på dette og både ordføraren og handelstanden ser at løpet kan vera kjørt på dette punkt.
Hastar
Håpet er at den nye E134 skal koma med på neste Nasjonale transportplan i 2017. Då hastar det med å bli einige om trasevalet.
— Me skal ha første formannskapsmøte tidleg i september. Det er viktig å få dette inn på neste NTP, seier ordføraren.
Fylkesmannen i Rogaland kom med motsegn vedrørande manglande retningslinjer for handtering av massar. Dette har Vegveseent nå ordna opp i og motsegna er trekt tilbake, stadfester Åmdal.
Tilfreds
Fungerande Vindafjord-ordførar Steinar Skartland (KrF) er stort sett tilfreds med framlegget. Planen er å behandla saka politisk før det nye kommunestyret blir sett inn i haust og Skartland meiner planen er godt utgreidd.
— Dette er eit godt utgangspunkt for å få ei effektiv transportåre gjennom kommunen. Slik eg vurderer det, er dette eit forslag å leva med og som bør gi akseptable løysingar, men sjølvsagt er det spørsmål som er nødvendige å ta opp, blant anna innan jordvern og oppdeling av gardsbruk, seier han.