Ei kvinne i 70-år køyrde av vegen måndag. Politiet vart varsla 12.46. — Uhellet skjedde på E134 like vest for Kyrping. Kvinna, som var åleine i bilen, er busett i Etne kommune. Ho var oppegåande etter hendinga men vart tatt med til legevakt av ambulansepersonell for sjekk, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Det skal ikkje ha vore andre køyretøy innblanda. Også brannvesenet blei kalla ut grunna bensinsøl i vegbanen.