Torsdag brann ein opp siste rest av propangassen som var på tanken som lak sist onsdag.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Torsdag brann ein opp siste rest av propangassen som var på tanken som lak sist onsdag. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Her brenn gass-restane

Siste rest av propangassen som var på den 100 kubikk store tanken ved NCC i Etne blir tømd torsdag formiddag.

Det er ein kontrollert avfakling av siste rest av propangassen som no skjer, og flammen – som kan bli opp mot fem meter høg, kommer som følgje av at ei i praksis brenner opp gassrestane.

Det var om lag 25 tonn propangass på tanken da lekkasjen vart oppdaga etter ei brann i ei el-tavle klokka 07.20 onsdag morgen. Det vart sett i verk evakuering to gonger i går, men arbeidet i dag går før seg utan at ein har funne grunn til å evakuere området.

Ifølgje ei twitter-melding frå politiet kan flammen blir opp mot fem meter høg.

Teknisk leiing i NCC og representantar frå underleverandørar er på staden i dag. Det er venta at teknikarar frå politiet også kommer til staden seinere i dag.

Saka vert oppdatert.

LES OGSÅ:

Vart ikkje orientert om den første lekkasjen

NCC: — Me beklagar

Evakuert for andre gong