Etter klokka tolv tok det seg for alvor opp med publikum på Etnemarknaden i dag. Blant dei var familien Storholm frå Odda som hadde funne vegen til marknadsfjøset.
Ada (21/2) var klar i konklusjonen om kva dyr ho såg i fjøset.
— Ku, sa ho med store auge og heiv litt halm inn i garden til ein svart Dexter med kalv frå flokken til Harald og Camilla Velde.
— Det er dyra ho er mest interessert i. Det er kjekt å kome seg vekk litt og oppleve noko som her på Etnemarknaden, seier Arnt Storholm.
Og det var fleire enn familien som fann vegen til marknaden under solgløtta ut over dagen.
Fredag var besøket om lag som i fjor, og styreleiar Lars Olav Bergsvåg i marknaden, opplyser at det var nærmare 6.500 innom i går. Laurdagen pleier å vere den best besøkte dagen med mellom 10.000 og 15.000 på området i løpet av dagen.
— Det er bånn gass, mykje folk og ei fantastisk stemning, seier Yvonne Sandgren i marknaden.