Fire danske fotturistar melde onsdag ettermiddag i frå til politiet om dei hadde gått seg fast i nærleiken av Ingebjørgsvatna i Etnefjella.
Ifølgje operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var dei på vei frå Sauda-området til Blomstølen då dei skal ha vorte overraska av mykje snø og is, og at dei var redd for å skli ut i utrygge områder.
Røde Kors hjelpekorps var onsdag ettermiddag på veg opp i fjellet for å hente turistane ut.
— Fotturistane var ved godt mot då vi snakka med dei, seier Olsen.