Gjekk seg fast nær Langfoss

Røde Kors var tidleg sundag kveld på veg til Langfosstølen i Åkrafjorden etter at to turgåarar hadde gått seg fast i fjellet. Det var stor vassføring som gjorde at dei to kvinnene ikkje fann vegen og måtte be om assistanse, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Etter nokre timar var duoen losa trygt ned frå fjellet, og politiet rosar Røde Kors-mannskapet for innsatsen.