I alt 5.000 besøkte Etnemarknaden i går, mot 4.100 på torsdagen i fjor, opplyser prosjektleiar Yvonne Sandgren.
— Torsdag pleier å vere ein litt roleg dag, og eg synest det var ein grei start på årets marknad. Det var godt marknadsvêr sjølv om det kom ei god bye om ettermiddagen, men den slutta før opningsseremonien, seier ho.
Aktivitetar heile dagen
Høgdepunkt på programmet i går var den politiske debatten i Skakkesenteret, og opningsseremonien med fyrverkeri i etterkant. I dag er det nok mange unge som er spente på konserten med Mathea-Mari som vann MPG junior i fjor.
— Det skjer ting heile tida på marknaden, og i dag skal ordføraren opne BMX-banen og prøve ein tur i løypa. Tidsreiser har aktivitet heile dagen, og Etne Live er i gang, seier Sandgren.
Ho håpar på perfekt marknadsvêr i dag.
— Vindstille og passeleg temperatur som i går, er vi nøgde med, seier prosjektleiaren.