Lastebil utfor vegen

Operasjonssentralen fekk i 08-tida i dag inn melding om ein lastebil som var hamna utfor vegen ved Norheim i Stordalen, og at eitt køyrefelt dermed er stengt. Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melder to timar seinare om at det eine køyrefeltet framleis er stengt. Dette medfører litt kø i høve passering av ulukkesstaden. Det er ikkje meldt om personskade, seier politiet.