— Trafikkomlegginga fører til redusert framkomst i nokre veker. Det er fortsatt arbeid på veganlegget, så farten er redusert, seier prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen i ei pressemelding.
2,8 kilometer ny veg
E134 Skjoldavik-Solheim omfattar totalt 2,8 kilometer ny veg med midtdelar. I prosjektet inngår også to tunnelar; Vikanestunnelen er 360 meter og Eggjatunnelen som er rundt 320 meter lang.
Også i Skjold blir det endringar i køyremønsteret. Dei som skal til blant anna Skjold kyrkje, skulen, Skjold Arena, Vikaneset og Esso skal køyre til toplanskrysset og ta opp mot Skjold. Dette er skilta.
Lokalvegen mellom Skjold kyrkje og Skjoldavik blir stengt til Dalabrua opnar til hausten.
Dei som skal køyre fylkesveg 513 til Skjoldastraumen/Nedstrand skal ta av i eit midlertidig T- kryss på Solheim. Trafikantar som kjem frå Skjold må ned på nye E134 og køyre til Solheim og så ta av, for brua som kryssar den ny veg på Solheim er framleis stengt.
400 millionar
Prisen for prosjektet er i underkant av 400 millionar kroner. Den offisielle opninga av veganlegget er planlagt 17. november.
E134 Skjoldavik-Solheim er eit prosjekt i Haugalandspakken. Haugalandspakken skal gi ei standardheving av dei to viktigaste transportårene gjennom regionen: E134 mellom Haugesund og Etne og riksveg 47 gjennom sju kommunar.