Mista lappen på Knapphus

Ein mann i byrjinga av 20-åra er no uten førarkort etter at han laurdag vart stoppa av ein UP-patrulje på Knapphus. Han vart målt til 80 kilometer i timen i 60-sona, noko som i seg sjølv ikkje betyr at ein må levere i frå seg førarkortet. Problemet for denne karen var at han for mange prikkar i førarkortet frå før, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.