NCC Roads seiar seg lei for at dei var skuld i at Etne-bygda vart oppskaka og delvis evakuert onsdag.
— Me beklagar, særleg overfor dei yngste. Me har forstått at nokon vart litt urolege, og det er me leie oss for, seier kommunikajonssjef Tor Heimdahl i NCC Roads til Grannar. Han var i går dialog med rektorane ved skulene og styraren i barnehagen. Han er glad for å sjå at det ser ut til at alle prosedyrar knytt til tryggleik, både internt hos NCC og ellers i Etne, ser ut til ha fungert slik dei skal.
Hendinga vart innleia med brann i ei el-tavle. Den vart meld klokka 07.20 og var raskt sløkt. Ein halvtime seinare gjekk gassalarmen på området. Det er uklart om brannen og lekkasjen har samanheng med kvarandre. Det som er klart er at gassanlegget til NCC Roads på Tongane er så godt som nytt. Det er komme på plass om eit ledd i å produsere meir miljøvennleg asfalt. Dette mellom anna med å erstatte oljefyrte maskiner med energi frå gass.
Kommunikasjonssjef Tor Heimdahl bekreftar at feilen har oppstått ved det nye anlegget. Sjølve lekkasjen skal ha vore ved ein ventil.
— Me jobbar no saman med leverandør med å finne ut kva som kan ha skjedd, seier han.
Ifølge Heimdal har ikkje NCC Roads hatt liknande hendingar på nokon av sine andre asfaltfabrikkar.
Det er uklart når asfaltproduksjonen i Etne kan gå som normalt igjen. Det kan skje fort, om ikkje må NCC Roads hente asfalt frå andre anlegg. Det er høgtid for asfaltlegging, dermed kom hendinga på et ekstra uheldig tidspunkt for asfaltleverandøren.