2-2 på bortebane

Uavgjort og eitt poeng gleda nok Ølen IL i torsdagens 5. divisjonskamp borte mot Leirvik. Vertane gjekk til pause med 2-0, det eine signert med tidlegare ølenspelar Espen Vaka. Gjestene frå Vindafjord kom sterkt i andre omgang. Først reduserte Håkon Stolpe kvarteret før slutt, og to minuttar før ordinær tid var ute, utlikna Daniel Johansen på straffe. Kampen var prega av mange kort, fire gule som var like fordelte, og eitt raud kort til målskårar Stople. Ølen har heng på dei to laga over opprykksstreken, men treng sigrar utover hausten for å ha håp om 4. divisjon. Ein kamp mellom Skånevik og Ferkingstad som skulle vore spilt laurdag er utsett til onsdag.