Mari Klokkerstuen Kjellesvik (t.v.) og Siri Klokkerstuen ligg an til å få fast plass i det nye fylkestinget i Hordaland.
Arkivfoto
Mari Klokkerstuen Kjellesvik (t.v.) og Siri Klokkerstuen ligg an til å få fast plass i det nye fylkestinget i Hordaland. Arkivfoto

Ap fram i fylka

Ap gjer eit svært godt val i Hordaland og låg rundt kl 23.20 då 62,9 prosent prosent av røystene valt talt opp, å få 19 mandat. Dette er ein auke på tre mandat.

Sjølv om namna på dei innvalte ikkje er klar, er Siri Klokkerstuen frå Etne og dottera Mari Klokkerstuen Kjellesvik som er Hordaland AUF sin representant, sikra plass i fylkestinget.

I Rogaland er som venta førstekandidat til Frp, Terje Halleland inne, saman med Arne Bergsvåg (Sp), også han toppkandidat, inne i fylkestinget. Då 38,6 prosent av stemmene var talte i Rogaland, låg Frp an til å vinna eit mandat, medan Sp får ingen endring.

Høgre er den store taparen i Hordaland og Rogaland, medan Miljøpartiet De Grønne, som i mange andre fylke, får ei klarare røyst i det nye fylkestinget.

Politikarveteranane Terje Halleland (t.v.) og Arne Bergsvåg frå Frp og Sp blir Vindafjord sine representantar i det nye fylkestinget i Rogaland. Arkivfoto

Politikarveteranane Terje Halleland (t.v.) og Arne Bergsvåg frå Frp og Sp blir Vindafjord sine representantar i det nye fylkestinget i Rogaland.
Arkivfoto

Mandatfordeling i Rogaland:

Ap     13      –

H       12     -2

Frp   8        –

KrF    5       –

Sp     4      +1

MDG   2    +2

V       2      –

SV     0      -1

PP     0      -1

Mandatfordeling i Hordaland:

Ap     20     +4

H       12     -5

Frp     7     -1

KrF    3     -1

MDG  3    +2

Sp     4      +1

SV     3      +1

V       3      -1

R       1      –