Klart for folkets dom.
Illustrasjonsfoto
Klart for folkets dom. Illustrasjonsfoto

Følg valet på grannar.no

I kveld kjem svaret; kven står igjen som vinnar og tapar i fylkes- og kommunevalet 2015. Kven som blir ny ordførar, må du truleg venta litt på.

Grannar vil vera til stades ved rådhusa i Vindafjord og Etne der røystene kjem inn frå valkrinsane og blir summert saman utover kvelden. Rundt kl 21.30 – 22.00 vil mandatfordelinga i føreligga, og dette vil fortløpande bli presentert i vår nettavis med dei første lokale kommentarane.

I Vindafjord ligg alt til rette for at Senterpartiet nok ein gong blir det klart største partiet. Likevel er det ei viss spenning om Senterpartiet klarer å samla nok røyster og mandat til å få gjenvalt Ole Johan Vierdal som ordførar, eller om Høgres Per Fatland eller ein annan i opposisjonen tar siste stikk i dei komande sonderingane.

Det kan gå nokre dagar før partia kjem fram til eit resultat av forhandalingane der fordelinga av dei ulike vala blir gjort. Spenning vil det også vera om korleis nykomaren Venstre blir tatt imot av veljarane i Vindafjord.

I Etne har meiningsmålingane vist dødt løp mellom Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Ordførar Sigve Sørheim (Sp) stiller ikkje på liste denne gongen, og kampen om det gjævaste vervet står først og fremst mellom Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og Siri Klokkerstuen (Sp). Dette opnar også for den aller første kvinnelege ordføraren i kommunen.

Fylkesting

Me vil også rapportera frå fylkesvalet med fokus på lokale representantar og korleis deira parti gjer det. I Rogaland er det sikkert at Terje Halleland, som er toppkandidat for Framstegspartiet, blir del av det nye fylkestinget, og at Arne Bergsvåg, toppkandidat for Senterparti, slår fylgje, slik at Vindafjord får to faste representantar i fylkestinget som tel 47 representantar. Med eit godt val for Sosialistisk Venstreparti kan også Vidar Samland slå fylgje. Han står på andreplass i partiet som i dag har eitt mandat

Etne blir etter alt å døma representert med to i det nye hordatinget; mor og dotter, Siri Klokkerstuen og Mari Klokkerstuen Kjellesvik. Dei står på høvesvis tredje og sjuandeplass for Ap, eit parti som i dag har 16 av 57 plassar i fylkestinget.

Slik gjekk det sist gong:

Skjermbilde 2015-09-14 kl. 16.14.34

Skjermbilde 2015-09-14 kl. 16.13.52