Prognose: Ap sterkt fram

Miljøpartiet De Grønne går mot tidenes val, medan Ap av dei store er i vinden. Det er konklusjonen etter at førehandsstemmene blei offentleggjort på NRK kl 21.00 i kveld.

Dei borgarlege partia går alle tilbake, medan venstresida går fram. Men aller størst framgang i den tidlege landsprognosen er Miljøpartiet De Grønne som går fram med 4,5 prosent til 5,4 prosent.

Slik er fordelinga:

Ap              34,2  +2,6

Høgre                  23,0  -4,5

Frp             9,0   -1,9

Sp              6,4   -0,4

MDG            5,4   +4,5

V                4,9   -1,3

KrF             4,8   -0,7

SV              4,4   +0,5

Raudt                  2,5   +1,0