Framstegspartiet sin ordførarkandidat Kenneth Karlsen er fersk i faget, men kan hamne i både kommunestyre og formannskap etter valet. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Kenneth Karlsen er førstekandidat for Framstegspartiet. Dei gjør eit brakvalg i Skånevik. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Frp gjer brakval i Skånevik

Før dei avgjerande stemmane i Etnesjøen er opptelde, er Ap, Sp og Frp inne med fem mandatar kvar i kommunestyret. Men mykje kan endra seg.

Foreløpig ligg Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti an til å bli vinnarar i kommunevalet i Etne. Om stemmegivinga skulle vere lik i Etnesjøen som i Skånevik kan Frp få to ekstra mandat i kommunestyret, og Kristeleg Folkeparti eitt ekstra. I så fall taper Arbeiderpartiet og Senterpartiet ett kvar, og då vil Frp, Ap og Sp vere like store.

Også Høgre vil miste eitt mandag om dette skulle bli ståande.

Men det er verdt å merke seg at me enno ventar på tala frå Etnesjøen, som er den største krinsen i kommunen. I ein liten kommune vil denne krinsen truleg endre på mandatfordelinga.

Det er berre Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti som har gått til valg på at dei vil bevare sjukeheimsplassane i Skånevik, noko som sannsynlegvis er avgjerande for mange av veljarane i den bygda.

Foreløpig opptelling:

Etne kommune

3.101 stemmeberettigede – 1.024 opptelde stemmer

(Etnesjøen er ikkje oppteld enno)

Arbeiderpartiet: 25,1 prosent (-3,2)

Framstegspartiet: 23,6 prosent (+10,3)

Senterpartiet: 23,1 prosent (-6,9)

Kristeleg folkeparti: 14,5 prosent (+5,8)

Høgre: 10 prosent (-5,3)

Venstre: 3,7 prosent (-0,7)

Krins for krins:

Etnesjøen:

(Ikkje telt opp kl 22.03)

Skånevik (95 prosent opptalde røyster)

741 stemmeberettigede

439 opptalde stemmer

Ingen blanke stemmer

Frp:     40,1 prosent

Arbeiderpartiet:         31,9 prosent

Kristeleg Folkeparti: 22, 1 prosent

Høgre:            2,5 prosent

Senterpartiet: 2,3 prosent

Venstre:         1,1 prosent

Sævareid (95 prosent opptalde røyster):

179 stemmeberettigede

85 opptalte stemmer

1 blank stemme

Senterpartiet            59,5 prosent

Høgre:            13,1 prosent

Arbeiderpartiet:       8,3 prosent

Framstegspartiet:     7,1 prosent

Kristeleg folkeparti: 6,0 prosent

Venstre:         6,0 prosent

Fjæra: (95 prosent opptald)

111 stemmeberettigede

49 opptalde stemmer

Ingen blanke stemmer

Senterpartiet 51 prosent

Høgre 22,4 prosent

Arbeiderpartiet: 10,2 prosent

Kristelig folkeparti 8,2 prosent

Fremskrittspartiet: 4,1 prosent