Politiet fekk onsdag ettermiddag melding om ei arbeidsulykke Kyrping i Etne. Det dreier seg om ein klemskade i samband med eit steinarbeid. Éin person er involvert i hendinga. Ambulanse og politi er på veg, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Siste:
Politiet opplyser at ein utanlandsk arbeider fått hand/arm i eit knuseverk. Han er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen med skade i underarm. Politiet føretar gransking på åstaden.