Det vart einvegskøyring det meste av kampen då Ølen vann 5-1 over Nord torsdag kveld. Pauseresultatet var 2-0. John Magnus Høyvik og Petter Nordskog skåra før pause. Per Skjæveland plussa på med to skåringar etter pause, medan Stian Haugland fastsette sluttresultatet til 5-1. Nord fekk eit trøystemål på straffe i 2. omgang. Dette sender Ølen opp i ryggen på Sauda som ligg på 2. plass på tabellen. Ølen har 35 poeng på 17 kampar, medan Sauda har 36 poeng på 16 kampar. Ølen og Sauda møtest i Ølen 24.9 i ein viktig kamp om kven som tar andreplassen. Stegaberg ligg endå fyrst på tabellen med sine 40 poeng på 16 kampar. Etne ligg midt på tabellen, og Skånevik kjempar om å unngå nedrykk.