Målinga vart gjort då han køyrde forbi fleira bilar. Då saka gjekk for Haugaland tingrett 28. august forklarte han at han køyrde forbi nokre bilar i køen for å ta igjen kameraten som han hadde vore saman og stått på ski i Sauda saman med same dag. I bilen domfelte køyrde sat også hans 11 år gamle son.
Det var mykje trafikk og mørkt ute då forbikøyringa fant sted. Han opplyste i retten at han ikkje hadde sett politibetjenten som gjorde teikn til at han skulle stanse. Politibetjenten forklarde i retten at domfelte så ut til å ville stanse, før han plutselig gav gass og køyrde vidare. Politibetjenten skal blant anna ha slått lommelykta si i bilen, men dette dunket hevdar domfelte å ikkje ha merka.
Domfelte, som er yrkessjåfør, vart seinare stansa av politiet ved Vikse utanfor Haugesund. No er mannen dømd til 21 dagars fengsel og til tap av førarretten i 13 månader. Han må ta full førarprøve for å få førarkort tilbake. Han må også betale 2.000 kroner i sakskostnader til staten.