Rune Johansson løftar valurna ned slik at 100 år gamle Thea Ness får levert sine røystesetlar.
FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDAL
Rune Johansson løftar valurna ned slik at 100 år gamle Thea Ness får levert sine røystesetlar. FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDALBilde 1 av 3
Rune Johansson løftar valurna ned slik at 100 år gamle Thea Ness får levert sine røystesetlar.
FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDAL
Rune Johansson løftar valurna ned slik at 100 år gamle Thea Ness får levert sine røystesetlar. FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDALBilde 2 av 3
Simen Berge Lillegraven (4) var med pappa Kjetil Lillegraven i vallokalet. Frode Robberstad (t.h.) og Sigurd Birkenes frå røystestyret såg til at alt gjekk føre seg som det skal.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Simen Berge Lillegraven (4) var med pappa Kjetil Lillegraven i vallokalet. Frode Robberstad (t.h.) og Sigurd Birkenes frå røystestyret såg til at alt gjekk føre seg som det skal. FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 3 av 3

Her røystar Thea (100)

100 år gamle Thea Ness røysta i Skånevik i ettermiddag.

Den tidlegare sjukepleiaren, lokalt kjent som «Søster Thea» let ikkje alderen vere til hinder for å røyste. I røystelokalet ved Skånevik skule fekk ho hjelp av Rune Johansson som løfta valurna ned slik at 100-åring slapp å ta seg ut av rullestolen sin. Valurna er også av god årgang, 15 år eldre enn Thea.

Kjetil Lillegraven og sonen Simen Berge Lillegraven var blant dei mange som måndag ettermiddag strøymde til vallokalet på Skakkesenteret i Etne. Sjølv om han må vente nokre år på å få røyste, så var fireåringen frå Madsgård nokså stolt då han fekk sleppe pappa sine røystesetlar opp i valurna.

Røystar ein ikkje har ein heller ikkje rett til å klage på politikarane seinare

Grannar var innom Skakkesenteret rett før klokka 17 måndag. Då var det ein jamn straum med røystarar som kom innom. Kanskje eit signal om at lokalvalet kan få betre oppslutning i år enn for fire år sidan.

I 2011 deltok berre 67,8 prosent av dei røysteføre i Etne i kommunevalet, medan 56,5 prosent røysta i fylkestingsvalet.

— Det er viktig å gjere borgarplikta. Røystar ein ikkje har ein heller ikkje rett til å klage på politikarane seinare, meiner Kjetil Lillegraven.

I Skakkesenteret kan ein kanskje få ein Øystein Sunde-effekt på røystinga i tillegg. Han har seld godt med billettar til konserten sin i kveld, og det er grunn til å tru at konsertgjengarane nyttar høvet til å røyste samtidig.

Det er fire valkrinsar i Etne. Etnesjøen (røystelokale i Skakkesenteret), Fjæra (Fjæra skule), Sævareid (Sævereid skule) og Skånevik (Skånevik skule). Du kan røyste fram til klokka 20 måndag kveld.