DEL OPP: I teorien kan du dele opp stemma di i eit kommuneval. I alle fall har du moglegheit til å gi ein «kvart stemme» til eit anna parti du ønskjer å ha med. Hugs at ein slengjar reduserer stemmetallet til det opphavlege partiet ditt. 
Foto: regjeringa.no
DEL OPP: I teorien kan du dele opp stemma di i eit kommuneval. I alle fall har du moglegheit til å gi ein «kvart stemme» til eit anna parti du ønskjer å ha med. Hugs at ein slengjar reduserer stemmetallet til det opphavlege partiet ditt. Foto: regjeringa.no

Slik stemmer du

Har du eit lite auge til eit anna parti enn det du har tenkt å stemme på? Då kan du faktisk gi ein «kvart stemme» til dei. Her er alt du treng å vite før du går til vallokalet.

Av Yngve Johnsen, En-to-tekst  

Valkampen er unnagjort og lokalpolitikarane er klare for eksamen. Nå er det ditt val.

I motsetning til fylkestingvalet og stortingsvalet, så tel ikkje kvar stemme som berre éin stemme i kommunestyrevalet. Din røystesetel består nemleg av 25 listestemmer om du bur i Vindafjord, og 21 om du er frå Etne. Og du kan «dele dei ut» til fleire parti. Vi skal prøve å forklare på enkelt mogeleg vis:

Listestemmer

Det er mengda kommunestyrerepresentantar som avgjer kor mange stemmer valsetelen din vil gi. Dette blir kalla for listestemmer. Det skal veljast inn 25 representantar i kommunestyret i Vindafjord, og derfor er verdien på din røystesetel lik 25 listestemmer.

Ein slengjar er eit namn frå eit anna parti, som du noterer på røystesetelen din. I stortingsval har ikkje slengjarar noko å seie for mandatfordelinga, berre kva kandidatar som skal representere kvart parti. Men i kommunevalet er dette annleis. Med stor mobilisering kan faktisk slengjarar ha verdi for mandatfordelinga.

Ei kvart stemme?

Du kan ikkje berre pøse på med slengjarar. Reglane seier at du kan gi slengjarar tilsvarande maksimum 25 prosent av mengda kommunestyrerepresentantar. Men likevel minst fem stykke. Det betyr at dei som skal stemme i Vindafjord kan gi inntil seks slengjare frå andre parti. I Etne skal det veljast inn 21 representantar, så der kan du påføre fem slengjarar på setelen din.

Merk at ein slengjar då vil gå på kostnad av det opphavlege partiet ditt. Om du fører på seks slengjarar på setelen din i Vindafjord, så får partiet ditt 19 av dine 25 listestemmer. Partia som dine slengjarar tilhøyrar får dei andre listestemmene dine.

I praksis kan du dermed gi ei kvart stemme til eit anna parti, ved å gi seks slengjarar frå eit anna parti til setelen din.

Kumulering

Du kan kumulere så mykje du orkar. Dette handlar om å setje kryss i ruta føre namna på røystesetelen din. Dette kan ha aktualitet for kva personar frå desse partia som blir valde inn i kommunestyret.

Frå før har partia sjølv valt ut førehandskumulerte personar. Dette for å prøve å påverke kven som blir vald inn. Det er dei som står med feit skrift. Alle desse vil få eit stemmetillegg på 25 prosent av mengda stemmer. Dersom eit parti får 100 stemmer, så får dei førehandskumulerte altså 25 ekstra personstemmer kvar.

Det er ikkje lov til å stryke namn. Men ein kan for eksempel kumulere alle unnateke éin.

Mandatfordeling

Høyrt om St. Laguës modifiserte metode? Det er formelen som avgjer kor mange mandat kvart parti får. I eit kommuneval blir listestemmer talde (som forklarde ovanfor) opp. Til slutt sit partia med kvart sitt stemmetal. Då kan utrekninga starte:

Fyrst blir stemmetalet delt på 1,4. Det partiet som då får høgaste verdi vil få fyrste mandat. Dette partiet må då i kampen om neste mandat konkurrere med stemmetalet sitt delt på tre (mens dei andre framleis bruker stemetalet sitt delt på 1,4 i kampen om dette andre mandatet). Det betyr sjølvsagt at same partiet kan stikke av med andre mandatet og, men må då i neste runde dele stemmetalet fem (og så vidare med 7, 9, 11 osv.). Med ein gong eit parti har fått eit mandat, så skal altså stemmetalet delast på eit nytt høgare tal i neste runde. Når fordelinga er unnagjort, så er kommunestyret klart.

Då startar ein på kandidatkåringa i kvart parti, for å finne ut kva personar som skal sitje for kvart parti. Det blir avgjort som nemnt av førehandskumulering, veljarane si kumulering og slengjar.