Per Fatland (H) gratulerte ordførar Ole Johan Vierdal med eit formidabel val.Foto: Jon Edvardsen
Per Fatland (H) gratulerte ordførar Ole Johan Vierdal med eit formidabel val.Foto: Jon Edvardsen

Sp over 40 prosent

Alt ligg til rette for fire nye år med Ole Johan Vierdal som ordførar.

— Dette hadde eg aldri drøymt, seier ordførar Ole Johan Vierdal som har fått eit historisk tillitsvotum i Vindafjord.

Han fekk eit signal gjennom førehandsrøystene, men han trudde ikkje heilt på det tala viste.

— Eg trudde nesten at noko var gale, dette er berre heilt fantastisk. Det må vere tidenes val for Sp, seier Vierdal.

Ti i kommunestyret

Han har fåtte eit luksusproblem i fanget med ein styrkt ordførarkoalisjon. Sp går fram frå 8 til 10 mandat i kommunestyret, og dermed går koalisjonen opp frå 13 til 15 mandat.

Ap og spesielt Høgre er taparen i årets kommuneval. Med 12.1 prosent av stemmene går Høgre tilbake med drøye 10 prosentpoeng.

— Vi må berre erkjenne at dette er eit dårleg val for oss. Vi kan gratulerer Senterpartiet med at veljarane vil ha Sp-politikk i Vindafjord, seier Fatland.

Venstre to

Vinnar er også nykomlingen Venstre som fekk 8.1 prosent oppslutning og dermed to i kommunestyret.

— Det er veldig bra, no ønskjer vi plass i formannskapet, seier Rune Hetland toppkandidat for partiet.

Vindafjord

Resultat kommunevalet 2015 (grovtelling)

vindafjord1

Vindafjord

Mandatfordeling

og endring frå valet i 2011

vindafjord3