_MG_1896

Netter med nordlys

Sjå bilde tatt frå Ølen.

Den lyse og klare haustkvelden måndag gav ei spektakulær oppleving for den som var ute i mørket.

Fotoentusiast Unni Marie Lien var blant dei som nytta sjansen til «nordlys-alarmen» gjekk. Her ser du hennar spennande fangst med kamera. Og med vêrmeldingane som er varsla utover denne veka, kan det blir fleire slike fargerike lys på himmelen å oppleva.

Me har også mottatt bilde frå Sondre Gunleiksrud, tatt frå Skånevik natt til onsdag og natt til torsdag etter.

— Nordlyset nå skuldast solvindar og ikkje sol storm. Det gjer lyset vanskeleg å forutsjå og vanskeleg å fotografera. Særlig her sør i landet, opplyser Gunleiksrud.