Dette er lykkerekkja til den heldige Lotto-vinnaren frå Skånevik: 1-4-16-21-25-32-34.
I alt fem personar hadde desse tala då Norsk Tipping let kulene rulla laurdag kveld. Kvar av dei vann 3.122.755 kroner.
Vinnaren frå Skånevik har valt å vera anonym og det er mange i bygda som i desse dagar går rundt og undrar på kven den heldige 65-åringen er. Ifylgje Norsk Tipping blei kupongen kjøpt på Spar Valen.
Betalar ned gjeld
Til Norsk Tipping hadde ho denne kommentaren då telefonen frå Hamar kom.
— Eg såg trekninga på tv, og gjekk gjennom kupongane etterpå. Eg hadde aldri trudd dette skulle skje meg, seier den lykkelege kvinna som opplyser at ho skal bruka pengar på å nedbetala litt gjeld.
Sjansen for å få sju rette er 1:5,4 million per rekkje.
Det har gått nesten eitt år sidan Etne fekk sin førre tippemillionær. I Vindafjord er det vel fire år sidan førre storpremie kom (sjå oversikt for dei siste ti åra).
Statistikk frå Norsk Tipping viser at Hordaland, saman med Akershus og Oslo, har flest tippemillionærar. Sidan 1978 har 824 hordalendingar stukke av med milliongevinst til ein samla verdi av vel 2,5 milliardar kroner. Rogaland har hatt 574 millionvinnarar i perioden.
Siste millionpremiar i Etne kommune
Spel | Premie | Kjønn | Kommune | Dato |
Lotto | 3,1 mill | Kvinne | Etne | 19.09.2015 |
Joker | 3,1 mill | Mann | Etne | 22.10.2014 |
Lotto | 1,9 mill | Kvinne | Etne | 30.08.2014 |
Lotto | 1 mill | Mann | Etne | 30.03.2013 |
VikingLotto | 4,7 mill | Mann | Etne |
25.06.2005 |
Siste millionpremiar i Vindafjord kommune
Spel | Premie | Kjønn | Kommune | Dato |
Lotto | 2,5 mill | Mann | Vindafjord | 21.05.2011 |
VikingLotto | 1,5 mill | Mann | Vindafjord | 18.05.2011 |
Lotto | 3,1 mill | Mann | Vindafjord | 14.05.2011 |
FLAX | 1 mill | Kvinne | Vindafjord | 22.05.2010 |
Lotto | 1 mill | Kvinne | Vindafjord | 27.09.2008 |
Lotto | 2,1 mill | Kvinne | Vindafjord | 12.04.2008 |
Lotto | 1,9 mill | Kvinne | Vindafjord | 20.10.2007 |
Joker | 2 mill | Mann | Vindafjord | 05.08.2006 |
Lotto | 1 mill | Kvinne | Vindafjord | 02.07.2005 |
(Kjede: Norsk Tipping)