Det var i utgangspunktet ein kamp Vats94/Skjoldar stilte svakt i sidan laget er i motsett ende på tabellen enn heimelaget Avaldsnes i avdelinga i 4. divisjon.
Det stod uavgjort til pause, og andre omgang var nesten halvspelt før Morten Frøland fekk hol på byllen og tok gjestene opp i føringa. Men Avaldsnes kvitterte ikkje så lenge etterpå.
Vats94/Skjoldar gjekk på ny opp i føringa med ei scoring av Kjetil Ohm, men ikkje så mange minuttane etterpå utlikna Avaldsnes igjen. Hos heimelaget fekk Niklas Rasmussen gult kort, medan Vats94/Skjoldar fekk to gule, til Morten Frøland og Trygve Meland.