Gunhild Selland (t.v) og Synne Åsheim var to av innbyggjarane i Etne som møtte til integreringsfest sist tysdag. — Mykje spennande mat, var konklusjonen. Foto: Grethe Hopland Ravn
Gunhild Selland (t.v) og Synne Åsheim var to av innbyggjarane i Etne som møtte til integreringsfest sist tysdag. — Mykje spennande mat, var konklusjonen. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 7
Det var mykje godt å velja i. Maten nærast i biletet er frå Somalia og maten lengst borte på bordet er syrisk. Foto: Grethe Hopland Ravn
Det var mykje godt å velja i. Maten nærast i biletet er frå Somalia og maten lengst borte på bordet er syrisk. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 2 av 7
Camilla Krog, Erling Storesund og Annbjørg Bue synest det var både godt og spennande å smaka ny mat. Dei synest også der er svært positivt med ein slik internasjonal fest. Foto: Grethe Hopland Ravn
Camilla Krog, Erling Storesund og Annbjørg Bue synest det var både godt og spennande å smaka ny mat. Dei synest også der er svært positivt med ein slik internasjonal fest. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 3 av 7
Foto: Grethe Hopland Ravn
Foto: Grethe Hopland RavnBilde 4 av 7
Gunhild Selland (t.v) og Synne Åsheim var to av innbyggjarane i Etne som møtte til integreringsfest sist tysdag. — Mykje spennande mat, var konklusjonen. Foto: Grethe Hopland Ravn
Gunhild Selland (t.v) og Synne Åsheim var to av innbyggjarane i Etne som møtte til integreringsfest sist tysdag. — Mykje spennande mat, var konklusjonen. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 5 av 7
Foto: Grethe Hopland Ravn
Foto: Grethe Hopland RavnBilde 6 av 7
Muaead Altaeem frå Syria gav hadde eit sterkt innlegg om Syria som heimland og om situasjonen som utspelar seg der no. Foto: Grethe Hopland Ravn
Muaead Altaeem frå Syria gav hadde eit sterkt innlegg om Syria som heimland og om situasjonen som utspelar seg der no. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 7 av 7

Invitasjonen fall i smak

For andre gong på under eit halvt år inviterte flyktningane i Etne til fest. Med bord som bogna av syrisk, sudansk og somalisk mat, fekk lokalbefolkninga eit kulinarisk møte med nye sambygdingar.

Det var trongt om plassen rundt dei innbydande borda med mat, og mange opplevde nok å setja tennene i matrettar dei ikkje ana smaken på, på førehand. Ei spennande gastronomisk oppleving som resulterte i at fleire fylte på tallerkenen sin både to og tre gonger.

— Det har vore travelt på huset her i dag. Rundt 25 personar har stått på sidan klokka åtte i dag tidleg for å førebu dagens fest. Nokre har laga mat heime, mens andre har fått bruka kjøkenet her på kulturhuset, seier flyktningkonsulent Atle Aas.

På borda kunne ein finne både middagsrettar, tilbehør og kaker.

— Dette smakte utruleg godt og eg synest det er flott at flyktningane tar initiativet til å samla folk på denne måten ved å arrangera ein slik fest, seier Erling Storesund.

Han er sjølv innflyttar til Etne og sit til bords med Camilla Krog og Annbjørg Bue som også har kome til bygda i vaksen alder.

— Eg synest det er veldig kjekt at bygdefolket stiller opp på denne måten, seier Krog og viser til dei 90 personane som har funne vegen til integreringsfesten denne kvelden.

— Eg synest det er artig å smake på så mange forskjellige rettar, seier Bue.

Mat på bestilling

Tanken bak ein slik fest er nettopp det som ligg i namnet: Integrering. Flyktningane har ved fleire høve uttala at dei ønskjer å få kontakt med lokalbefolkninga og dei prøver å vera både aktive og positive i integreringsfasen.

— Ein slik kveld trur eg er positivt for integreringsbiten, for her får folk sjans til å koma tettare på kvarandre, seier Aas og legg til at flyktningane no kjem til å starta opp med eit nytt konsept. Dei kjem til å tilby folk matlagingskurs der tradisjonsmat frå Syria, Sudan og Somalia står i sentrum. Folk kan også bestilla ferdiglaga mat eller bestilla ein kokk heim til seg, seier han.

Krigen i Syria er noko alle har høyrt om, men det som kanskje ikkje er like klart for folk, er kvifor det er krig. Muaead Altaeem er ein av fem flyktningar som kjem frå Syria og han heldt eit informativt føredrag om situasjonen i heimlandet sitt. Han fortalte mellom anna om 15,8 millionar syrarar som har eit desperat behov for human hjelp, om 1,2 millionar barn på flukt, noko som vil seie at kvart 30. sekund blir eit nytt barn flyktning. Altaeem kunne også opplysa tilhøyrarane om at 60 prosent av Syria si befolkning har flykta frå heimane sine og sidan krigen starta har 380.000 menneske blitt drepne. Han takkar også på vegner av dei andre syrarane i Etne for både god mottaking til bygda og all støtte dei har fått.