Heimelaget sin kaptein, Tore Berakvam Stokka vart kåra til banens beste. Foto: Magne Skålnes
Vats 94/Skjoldar-kaptein Tore Berakvam Stokka ser fram mot å prøva å vinna sesongens tre siste kampar. Arkivfoto

Siste sjanse i Vats

Kaptein Tore Berakvam Stokka og Vats 94 Skjoldar har ein siste sjanse til berga plassen i fotballens 4. divisjon. For å lukkast må laget slå Torvastad på Vats stadion fredag kveld. I tillegg til tre poeng, er Vindafjord-laget avhengig av at Randaberg2 taper sin siste kamp borte mot Sola2.

I 5. divisjon er det alt avklart at Skånevik rykkjer ned ettersom det er fem poeng til laget over opprykkskamp og det er éin kamp igjen. Ølen må slå Falkeid laurdag for kunna å ta tredje plassen tilbake ettersom Leirvik vann sin hengekamp mot Ferkingstad 6-3. Leirvik må tapa sin siste kamp for at dette skal skje. Etne hamnar på 5. plass i årets serie sjølv med tap heime mot puljevinnar Stegaberg laurdag.