79-15-julekort statsminister

Statsministeren inviterer til julekortkonkurranse

Har du eit godt vintermotiv frå Etne kommune eller annan stad i Hordaland kan ditt bidrag hamna på årets julekort frå Erna Solberg. Statsministeren, her i intervju med Norgesglasset NRK P1 om saka, har trekt ut sitt heimfylke i ein konkurranse om kva som skal pryda årets julekort frå ladets sjef.

Ein jury der Solberg sjølv sit skal kåra vinnaren, og frist for å senda inn ditt vintermotiv frå Hordaland er innan 1. november, til julekort@smk.dep.no.

Kvar deltakar kan senda inn tre bidrag i høgoppløyseleg trykkvalitet og motivet må ikkje vera publisert tidlegare, med unntak av til privat bruk på sosiale medium.