Tap for Skånevik

Etter fleire gode resultat blei det nedtur for Skånevik denne veka i fotballens 5. divisjon. Laget var torsdag i Tysvær der heimelaget Falkeid som er jumbo i puljen, tok ein komfortabel siger 5-1. Ove Straumsøy reduserte for gjestene til 2-1. Stort betre gjekk det ikkje i bortemøte med Vedavåg Karmøy 2 måndag, også dette ein rival i botnstriden. Resultatet blei 4-1 til vertane. Dei to tapa fører Skånevik under nedrykksstreken igjen når det står to serierundar igjen.