Egil Jørgensen på Helganes fredag kveld. Her skal han ta i mot den første pulja med flyktningar som kom fredag. 
Foto: Moayad Altaym
Egil Jørgensen på Helganes fredag kveld. Her skal han ta i mot den første pulja med flyktningar som kom fredag. Foto: Moayad Altaym

Innkvartering i rute

Nye flyktningar kjem søndag ettermiddag

Fredag kveld var Egil Jørgensen ein av fleire som sto klar på Helganes flyplass for å ta i mot dei første flyktningane som skulle innkvarterast i Ølensvåg. I alt kom det 136 personar på fredagskvelden og dei fleste er frå Iran og Afghanistan.

— Dei første meldingane me fekk om dei som skulle koma, var at det ikkje skulle koma så mange barn til Westcon. Men denne informasjonen stemmer ikkje heilt. For mange av dei som kom var familiar med barn, seier Jørgensen.

No er første pulje trygt plassert i Ølensvåg og helse- og legesjekk er godt i gang. Jørgensen har også fått med seg nokre av dei syriske flyktningane som allereie er busett i Etne som tolkar, når det no kjem enda fleire til Westcon.

Søndag er det venta nye fly til Helganes og denne gong er det 85 flyktningar som kjem. Jørgensen uttalar at det har vore travle veker og mykje å få på plass, men alt ser ut til å gå etter planen og det er han svært glad for.