Luftambulanse og brannvesen og ambulanse er på plass ved ulukkesstaden som ligg mellom Krokavatnet og Ilsvatnet i Etnefjellet. 

Foto: Torstein Nymoen
Luftambulanse og brannvesen og ambulanse er på plass ved ulukkesstaden som ligg mellom Krokavatnet og Ilsvatnet i Etnefjellet. Foto: Torstein NymoenBilde 1 av 2
Raset gjekk i dette området, like nedafor demninga ved Krokavatnet der det pågår utbetringsarbeid i regi av Haugaland Kraft AS.
Foto: Torstein Nymoen
Foto: Torstein Nymoen
Raset gjekk i dette området, like nedafor demninga ved Krokavatnet der det pågår utbetringsarbeid i regi av Haugaland Kraft AS. Foto: Torstein Nymoen Foto: Torstein NymoenBilde 2 av 2

Jordras ved Krokavatnet

Mann funnen i live

Innsatsleiar og politibetent Paul Bjarne Foss opplyser at dei fekk inn melding om jordras ved Krokavatnet i Etnefjellet klokka 15.20 onsdag ettermiddag. Ein person var meldt sakna i raset.

16.10

NRK melder på sine nettsider at ein person er tatt av raset, som siterer operasjonsleiar Trond Børge Åsbu, ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Han opplyser også til NRK at raset skal ha gått ved ein demning i nærleiken av Krokavatnet og at det er luftambulanse på veg til åstaden.

16.45

Grannar er på ulukkestaden og kan opplysa at både ambulanse, luftambulanse og brannvesen er på plass. Personen som blei tatt av raset er no redda ut – og er i live. Han er blitt tatt hand om av helsepersonell på staden og frakta bort frå staden.

Det blir opplyst at mannen fekk jordmassar over seg og kollegaer fekk delvis grava han fram med ein gong, men dei fekk han ikkje heilt laus. Det var først når brannmannskapet kom til staden at mannen kom heilt laus.

Ulukka skjedde i samband med grøftearbeid som ein del av oppgradering av demninga ved Krokavatnet.

17.00

Foss melder at dei har moderert raset til å heller dreie seg om ei arbeidsulukke. Raset var lite og skjedde i samband med grøftearbeid. Politiet kjem til å etterforska saka om ei arbeidsulukke