Køyring utan førarkort

Stansa av politiet

Ein bil blei natt til søndag stansa i Vindafjord, og bilførar hadde ikkje godkjent førarkort å visa til, melder operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Førar blir meldt for køyring utan gyldig førarkort. Også bileigar får eit oppgjer med politiet, då han har overlete køyretøyet sitt til ein person utan førarkort.