Ordførar Ole Johan Vierdal er opptatt av at asylsøkjarane blir tatt imot på ein god måte i Vindafjord. Foto: Jon Edvardsen
Ordførar Ole Johan Vierdal er opptatt av at asylsøkjarane blir tatt imot på ein god måte i Vindafjord. Foto: Jon Edvardsen

Ope møte om mottak

Det blir eit ope informasjonsmøte om det akutte mottaket i Ølensvåg.

Vindafjord kommune har tillyst eit informasjonsmøte i gymsalen på Lundaneset vidaregåande skole søndag kveld klokka 18.00. Det er rett i nabolaget til Westcon sine brakkeriggar der 380 rom er stilt til disposisjon for Utlendingsdirektoratet (UDI) til eit såkalla akutt mottak før asylsøkjarar som skal vidare til meir permanente mottak.

— Vi ser behovet for å informere, spesielt naboar i Ølensvåg. Det er viktig å få ut fakta og rett informasjon. Vi har registert at det er mange spørsmål som blir stilte, både gjennom dei som har tatt kontakt og det vi registrerer elles, blant anna i sosiale medium. Det er utan tvil blitt ein snakkis, seier ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord.

Kommunen stiller med både ordførar, rådmann, kommunalsjef, kommunelege og helsesøster, og tillegg blir det representantar frå UDI, Catering Partner AS som skal huse asylsøkjarane, pluss representantar frå politi og brann.

Kommunen varsla innbyggjarane via sms på fredag om at det blir informasjonsmøte.

 Sannsynleg måndag

UDI har så langt varsla at dei vil sende 350 asylsøkjarar til Ølensvåg.

Asylsøkjarane kjem med fly frå Kirkenes der dei har kryssa grensa frå Russland ved Storskog.

Kontrakten med Westcon-selskapet er i utgangspunktet for to månader, men med opning for å forlenge avtalen dersom behovet er der. Etter kvart som asylsøkjarane blir sendt vidare i systemet, kjem det nye grupper til Ølensvåg.

UDI har informert kommunen om at det i hovudsak er einslege menn frå Syria og Afghanistan som kjem. Det vart først sagt at asylsøkjarane vil kome til Ølensvåg i løpet av helga, men det blir mest sannsynleg på måndag, ifølgje den siste meldinga frå UDI.

 Aktivitet

Ordførar Vierdal er opptatt av at asylsøkjarane blir tatt imot på ein god måte i Vindafjord.

— Vi må ta imot dei på ein best mogleg måte. Dei er på sett og vis gjester hos oss, og skal truleg kjapt ut igjen og over i andre typar mottak. Vi håpar fleire kan bidra slik at dei har meir å gjere på enn berre søvn og mat, seier han.

Han vil ha frivillige lag og organisasjonar på banen, og Røde Kors.

— Vi må først sjå kva det er behov for. Det er alt nokon som har meldt seg og vil bidra, seier Vierdal.