Det blei slått full alarm då meldinga om ras ved Krokevatnet i Etnefjellet kom.. Uhellet skjedde i samband med eit damarbeid.
Foto: Torstein Nymoen
Det blei slått full alarm då meldinga om ras ved Krokevatnet i Etnefjellet kom.. Uhellet skjedde i samband med eit damarbeid. Foto: Torstein Nymoen

Redda ut av av jordras

Mannen som blei tatt av eit jordras i Etnefjellet, blei grave fram i live etter å ha vore fast i massane i rundt éin time.

Det var stor dramatikk i Etnefjellet onsdag ettermiddag då naudetatane fekk melding om at minst ein person var sakna då eit ras gjekk ved Krokavatnet, høgt oppe i Etnefjellet, og at det kunne vera snakk om fleire personar.

Alarmen gjekk kl 15.35 og rundt kl 16.30 meldte Haugaland og Sunnhordland politidistrikt at ein person var tatt ut av raset og blei frakta til luftambulansen som hadde lande like i nærleiken for å bli tatt med til sjukehus.

I regi av Haugaland Kraft

Dei første meldingane var uvisse om talet på personar i raset, men etter kvart viste det seg at det var den eine som var tatt av massane. Vedkomande jobba på eit prosjekt for Haugaland Kraft.

— Eg kan stadfesta at personen jobba på ei utbetring av Krokavass-dammen for oss. Om han er innleigd eller tilsett hos oss, kan eg ikkje seia nå, sa administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft like før Grannar gjekk i trykken.

Utbetringsarbeid

Det blei sendt både politi, brannvesen, ambulansebil og luftambulanse til det aktuelle området i fjellet ovafor Litledalen og Hardeland i Etne kommune. Haugaland Kraft som eig kraftanlegga i Etnefjellet, har det siste året hatt eit større anlegg gåande med å utbetra og sikra fleire dammar.

har etablert vår beredskapsorganisasjon

— Me har etablert vår beredskapsorganisasjon her i Haugesund og har sendt folk inn til området for å ta hand om våre folk der inne, seier Linga.

Han opplyser at kraftlaget har hatt mellom fem og ti personar i sving i damutbetringa og at arbeidet nå er i sluttfasen.

Arbeidsulykke

Grannar sin reporter på staden, opplyser at den skadde mannen blei tatt hand om av helsepersonell på staden før han blei frakta til sjukehus med luftambulanse.

Grannar får opplyst at mannen fekk jordmassar over seg og at kollegaer fekk delvis grave han fram med ein gong, men at dett først var når brannmannskapet frå Etne kom til staden at mannen kom heilt laus.

Ulukka skjedde i samband med grøftearbeid som ein del av oppgraderinga av demninga ved Krokavatnet.

Innsatsleiar og politibetjent Paul Bjarne Foss opplyser at dei fekk inn melding om jordraset klokka 15.20. Han fortel at dei har moderert raset til å dreia seg om ei arbeidsulukke. Raset var lite og skjedde i samband med grøftearbeid.

Brotskadar

Operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser til Grannar at mannen, som er frå Etne og er i 50-årsalderen, er sendt til Universitetssjukehuset i Stavanger. Han var bevisst, men har ein del brotskadar.

Politiet kjem til å etterforska saka som ei arbeidsulukke og har sperra av området. Åstadgranskinga startar etter planen torsdag føremiddag i regi av Vindafjord lensmannskontor.