Dei første flyktningane blir innkvartert her i løpet av kvelden. 

Foto: Grethe Hopland Ravn
Dei første flyktningane blir innkvartert her i løpet av kvelden. Foto: Grethe Hopland Ravn

Kom fredag kveld

Ordførar Ole Johan Vierdal bekrefta at dei tar i mot dei første 178 flyktningane. Fredag kveld kom dei med fly til Helganes

Ordførar Ole Johan Vierdal bekreftar for Grannar at dei første flyktningane som skal til Ølensvåg kjem med fly til Helganes fredag kveld.

— Eg vil ikkje vera spesifikk i forhold til når flyet landar, men eg kan bekrefta at me tek i mot 178 flyktningar som kjem i kveld, seier han fredag føremiddag.

Vierdal legg til at når flyktningane kjem vil dei først og fremst sørgja for at dei blir innkvartert og at dei får seg litt mat. Han understrekar at det skal vera ro rundt flyktningane denne første kvelden. Vierdal fortel også at det kjem eit nytt fly med fleire flyktningar i løpet av søndag.