Etne-transport i dødsulykke

Ein person har mista livet i ei trafikkulykke på E39 like ved Sundfør i Sveio i like før klokka 10 onsdag. Det var ein personbil og eit vogntog som kolliderte, og begge køyretøya tok fyr. Sjåføren av vogntoget kom seg ut av vogntoget. Det er ikkje kjend kor den omkomne er heimehøyrande. Vogntoget, som tilhører eit transportfirma i Bergens-distriktet, var fulllasta med kraftfôr. Grannar har fått opplyst at det var på veg frå Fiskå Mølle sit anlegg på Tongane i Etne til Bergen. Årsaka til ulykka er ikkje kjend. E39 er stengd, og trafikken dirigerast til fylkesveg 47. Det er venta at vegen bli stengd i lengre tid.