Jubel etter suksessen i Tour de Ski. Dei harde øktene i Alpane er truleg årsaka til at Chris Jespersen blei småsjuk og vurderer å droppa NM. Foto: Svein Halvor Moe
Ingen jubel denne gongen. Chris Jepersen i mål i Tour de Ski for snart to år sidan, jublande få ha tatt andreplassen, bak Martin Jonsrud Sundby. Arkivfoto

Ingen Tour de Ski

Chris Jespersen er ikkje blant dei 17 norske langrennsløparane som får gå sesongens Tour De Ski. Nok ein gong er det sjukdom som øydelegg for landslagsløparen frå Skånevik.

Den 32 år gamle skiløparen hadde sin store sesong for to år sidan då han til slutt enda på andre plass i prestisjerennet Tour de Ski. Fjorårets sesong blei øydelagt på grunn av sjukdom, men Jespersen greidde likevel kvalifisera til OL der, ein sjetteplass var beste plassering, etter at han tok niandeplassen i Tour de Ski.

Heller ikkje oppkøyringa til årets sesong har vore optimal og veteranen måtte stå over opningsrennet på Beito. Han sesongdebuterte i verdsupen i Davos for vel ei veke sidan med å bli nummer åtte, og alt såg lovande ut for store oppgåver utover vinteren. Men i Toblach helga etter mangla hans namn igjen på startlista. Jespersen måtte dra heim med sår hals, noko som blei avgjerande for at hans namn ikkje var blant dei utvalde til Tour de Ski.