Volleyballspelar Ingrid Lunde (t.v.) frå Ølensvåg har hatt mykje å jubla for den siste tida. Nå er ho, saman med partnar Victoria Faye Kjølberg tatt ut til å spela OL-kvalifisering i Stavanger.
Arkivfoto: Andreas Kristoffer Berge
Volleyballspelar Ingrid Lunde (t.v.) frå Ølensvåg har hatt mykje å jubla for den siste tida. Nå er ho, saman med partnar Victoria Faye Kjølberg tatt ut til å spela OL-kvalifisering i Stavanger. Arkivfoto: Andreas Kristoffer Berge

Klar for cupfinale

Ingrid Lunde (24) og hennar lag, Oslo volley er klare for cupfinale i Oslo 16. januar. På motsett side av nettet står Randaberg Volley frå hennar heimfylke, Rogaland. Vegen til finalen gjekk via to semifinalekampar mot Nyborg frå Bergen. Første kamp tapte dei 3-2, men laurdag slo Oslo-laget sterkt tilbake og vann 3-1.

Dette blir vågsbuen sin femte cupfinale på rad, fire av dei med Oslo volley. Ingrid Lunde satsar mest på sandvolleyball, og brukar tradisjonell innevolleyball som kamptrening på vinterstid.