93-15-vegarbeid håfoss

Manuell dirigering ved Håfoss

Støyping av ny murkant langs E134 ved Håfoss i Etne fører til manuell dirigering av trafikken forbi arbeidsområdet fram til fredag. — Arbeidet med den 200 meter lange murkanten skal etter planen vera ferdig natt til fredag. Det er den øvste føringskanten som skal støypast, fortel ansvarshavande Svein Tore Tveitane og trur skaden på føringskanten har oppstått etter at eit kjøretøy har dunka borti kanten.