Nytt innbrot i Ølen

Nok eit innbrot i Ølen, det åttande i rekkja, er meldt til politiet. Politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor opplyser at innbrotet truleg har skjedd same natt som dei andre, for vel 14 dagar sidan. Det var eit hus på Nerheim som det kom inn melding på tysdag, og politiet har sikra nokre spor. Det skal ikkje vera stole noko. Politiet har førebels ingen mistenkte, men set det i samband med andre innbrot som har vore meldte i regionen dei siste vekene.