Roleg feiring

Julefeiringa har gått roleg for seg i Etne og Vindafjord, om ein legg meldingar til politiet til grunn.

Ved operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt får Grannar ved 12-tida 2. juledag opplyst at det ikkje har vore meld om alvorlege hendingar i våre to kommunar så langt.