Skadd i arbeidsulukke

Ein mann i 20-åra er sendt til sjukehuset i Haugesund etter eit uhell med støyping i Etne. Ifølgje politiet er mannen moderat skadd. Operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om ulukka rett etter klokka elleve i føremiddag.