Flaum nedbør elva ølensvåg.Foto: Arne Frøkedal
Elva i Ølensvåg er utsett for flaum med store nedbørsmengde. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Skal regne meir

Det har bøtta ned med regn i løpet av natt til laurdag, men så langt er det ikkje meldt om større skadar av ekstremvêret «Synne» på Vestlandet.

Sauda har fått store nedbørsmengder, og operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland melder at fylkesveg 520 er heilt stengt ved Svandalsfossen på grunn av enorm vassføring.

Det er registert store steinar som blir ført med vatnet nedover fossen.

Elles er det lokalt ein del vatn i vegane, og enkelte ferjestrekningar har blitt innstilte på grunn av sterk vind.

Norges vassdrags- og energidirektoratet har framleis varsel om stor fare for jord- og snøskred spesielt sør på Vestlandet. Det er meldt om liten storm på kysten og i fjellet laurdag både i Rogaland og Hordaland.

yr.no melder at uvêret går over til regnbyer laurdag føremiddag i Nord-Rogaland. Det er Indre Ryfylke og sør i Rogaland som vil merke «Synne» mest. I dette området er det venta at nedbøren kan kome opp i 140 millimeter i løpet av 24 timar på utsette stader.