Søker vitne til nesten-ulykke

Klokka 10.10 torsdag skal ei kvinne med barnevogn og to barn nesten ha blitt påkjørt på eit fotgjengarfelt ved Statoil-stasjonen i Ølensvåg. Politiet vart varsla av publikum, og fekk etter kvart stansa ein bil med ei eldre kvinne. Førarkortet er førebels tatt frå ho. — Me ønskjer å kome i kontakt med vitne til hendinga. Me veit heller ikkje kven kvinna med barnevogn og barna var, og håpar at også ho kan ta kontakt me oss, sånn at me kan få hennar versjon av hendinga, seier politibetjent Inge Hårajuvet ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Dei som har sett hendinga kan ringe lensmannskontoret på telefon 53 76 63 00.