Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg.
ARKIVFOTO
Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg. ARKIVFOTO

Spekulasjonar rundt Nordtveit

Storklubbar jaktar på vatsbuen.

Den tyske storavisa Bild Zwitung har sett i gang spekulasjonar rundt eit snarleg klubbskifte for vindafjordingen Håvard Nordtveit (25). Den profesjonelle fotballspelaren frå Vats, gjer det for tida godt i tysk bundesliga med sitt lag Borussia Mönchengladbach, og hans signatur skal vera ettertrakta når overgangsvindauga opnar over nyttår.

Også fleire norske aviser skriv om Håvard Nordtveit, basert på tysk media. Dagbladet har denne tittelen:

Tysk avis: – Storklubber spiller poker om Nordtveit

Det er vanleg med overgangsrykte i media, og desse tar seg opp når tida for klubbskifte er aktuelt, som i januar. Dersom kjeldene er rette, noko dei ikkje alltid viser seg å vera, er både den tyske toppklubben Borussia Dortmund, og engelske storklubbar som Arsenal, Leicester og Everton på jakt etter Nordtveit.

25-åringen frå Nedre Vats måtte nøya seg med å sitja på banken på det norske landslaget då EM-draumen brast i haust. I Borussia Mönchengladbach har Nordtveit derimot hatt ein svært god periode, både personleg og med laget som ligg høgt oppe i tysk toppdivisjon.

Hans kontrakt med Borussia Mönchengladbach går ut til sommaren, og dermed er ein grunn til å tru at eit klubbskifte kan vera på gang, samstundes som Borussia skal ha lagt inn eit tilbod om å forlenga kontrakten hans med tre nye år.

Det er grunn til å tru at Nordtveit sin kontrakt for vidare klubbfotball blir avklart i løpet av januar. Om der er Arsenal som blir ny klubb, er vatsbuen attende der det store proffeventyret starta i 2007 etter at han blei henta av manager Arsen Wenger frå FK Haugesund.