Ulovleg fiske i Vatsfjorden

Fiskeridirektoratet var torsdag i førre veke på oppsyn i Vatsfjorden og Yrkefjorden og fann eit titals ulovlege teiner og fiskeruser. Beslaget er overlate til Vindafjord lensmannskontor som etterforskar saka. Utstyret som bli makulert, var ikkje merkt og det vil bli vanskeleg å identifisera eigarane. Det er først og fremst hummar som har vore målet for tjuvfiskarane