103 i 60-sona

To bilførarar fekk førarkorta sine inndregne under ein fartskontroll i 60-sona på Knaphus seint fredag kveld. — Høgaste fart var 103 kilometer i timen, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Ti førarar fekk forenkla førelegg i den same kontrollen.