Bil av vegen ved Kvaløy

Sør-Vest politidistrikt melder søndag om eit einsleg køyretøy som rett over klokka 10 har køyrt av vegen, på Fv. 46 ved Kvaløy. Det er ikkje meldt om personskade, men førar er sendt til sjekk på lokal legevakt. Politiet melder at det ikkje er mistanke om promillekøyring.