Køyrde av vegen

Ein person i 20-åra frå Karmøy vart frakta til Haugesund sjukehus for observasjon etter at bilen han køyrde hamna utafor vegen på fylkesveg 46 ved Skipavåg i Vindafjord tysdag kveld. Årsaka til ulykka er ikkje kjend. — Det er ikkje mistanke om ruskøyring, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.